"Førdefjorden.no"

Vi startar med å definere "Førdefjorden" som det geografiske området som naturleg høyrer til Gjelsvik skulekrins.

Det strekkjer seg frå Stavestranda i vest til Hestvika i aust, og ligg på sørsida av Førdefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Ei teksta utgåve av kartet kan du finne her

 

Denne nettsida er eit samarbeidsprosjekt mellom lokale lag og organisasjonar i bygda og ungdomssteget på skulen. Vi tek sikte på å vere ein samlande nettstad der alle i lokalmiljøet kan få dekka sine behov, anten det gjeld marknadsføring, kjøp og sal av varer og tenester, eller oversikt over tilstellingar som skal vere eller har vore i bygda. Det er meininga at både firma og lag og organisasjonar kan profilere seg med eigne sider med link frå margen på hovudsida.